Styret informerer: februar 2014

Mobilmastene: Styret og ressursgruppa jobbar vidare med denne saka. Telenor har komme med eit forslag til løysing, som vi har stilt motforslag til. Saka ligg no hjå Telenor, som må svare på våre motforslag.

Rehabiliteringen av balkongene: Designet er ferdigstilt, og kontrakten er mottatt. Informasjon om design og byggestart vert sendt ut så fort det er klart.

Garasjesaka: Saka blei avslutta 3. januar i Plan og Bygg. Dette er ingen garanti for at det ikkje vil komme eit nytt forslag på eit seinare tidspunkt, men det vil då starte heilt frå byrjinga igjen, med nye høyringsrundar.

Generalforsamling: Ordinær generalforsamling i år blir 15. mai. Innkalling med saksliste vil bli sendt ut etter vanleg praksis.

TUSEN TAKK!
I løpet av to veker før jul blei det samla inn over 7000,- kroner til katastrofeområdet i Filippinene etter tyfonen i november 2013. Vi er imponert over den fine responsen.

Neste styremøte: Neste styremøte er 19. mars. Ta gjerne kontakt med styret på e-post kollektivetbrl@gmail.com eller skriv eit brev til oss og legg i styret si postkasse i nummer 96, eller vaktmester si postkasse (utanfor kontoret i 96). Dette gjeld anten du har ei sak du ynskjer vi skal ta opp, vil informere oss, eller har eit spørsmål du treng svar på.

Styret ynskjer alle bebuarane fortsatt fin vinter!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *