Avtale om utskifting av låsar

Då våre gamle låskassar og sylinderar er utslitt og det ikkje lenger er praktisk gjennomførbart å vedlikehalde dei har styret inngått avtale med Dasic om installasjon av nytt låssystem i burettslaget. Vi har valgt å gå for eit system som heiter iLOQ, Dette er eit digitalt system, der tilgangsrettane ligg lagra kryptert i nøkkelen. Dette gjer  at vi slepp med berre ein nøkkel til alle ytterdører og fellesareal som man skal ha tilgang til. Det vil og vere med på å auke tryggleiken i burettslaget, då vi vil mykje enklare kunne eliminere nøklar som går tapt. Vi vil forsøke å få låne ein demonstrasjonslås som vi vil vise fram på den ekstraordinære generalforsamlinga som vi skal ha 18. juni. Det vil også bli lagt fram meir informasjonsmateriell om systemet, og om korleis framdriftsplanen vil bli.

Arbeidet er planlagt til august/september.

iLOQ nøkkel og sylinder

Informasjonsfolder iLoq Lenke til produsenten av systemet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *