Styret Informerer – April 2014

USBL «Varmtvannsavregning

  • Det var ein skrivefeil på giroen og følgebrevet som kom frå USBL denne veka. Avrekninga gjeld straum, og ikkje varmtvatn, som det stod på giroen.

Mobilmastsaka

  • Mobile Norway har fjerna alt sitt utstyr og avslutta sitt samarbeid med Borettslaget Kollektivet. Prosessen går vidare med Telenor.

Generalforsamling

  • Generalforsamlinga blir som tidlegare annonsert 15. mai, kl 17:30, i Camilla.

Dugnad

  • Dugnad 26. april. Eige oppslag kjem. Styret håpar flest mogleg kan vere med.
  • Det er vår, og mange ryddar i bodar og skap. Hugs å halde gangar og oppgangar fri for møblar og avfall. Tenk miljø, skal man til fyllinga og ikkje har fullt lass, spør naboen eller sjå på oppslagstavlene om det er nokon som har noko som skal kastes.
  • Det er og mange loppemarked rundt om kring kvar vår, så er det brukande, gi det vekk!

Camilla-utvalet

  • Tore Lange har påteke seg ansvaret ved å leie Camilla-utvalet. Styret søkjer etter to personar til som vil bistå han i dette arbeidet.
  • Oppgåvene til utvalet er å organisere drifta, som matserveringa til Camilla-gruppene, utleige, med meir.
  • Interesserte kan kontakte styret på epost kollektivetbrl@gmail.com

Neste Styremøte vert 07. mai.

Ta gjerne kontakt med oss på e-post kollektivetbrl@gmail.com eller skriv eit brev til oss og legg i styret si postkasse i nummer 96, eller vaktmester si postkasse (utanfor kontoret i 96). Dette gjeld anten du har ei sak du ynskjer vi skal ta opp, vil informere oss, eller har eit spørsmål du treng svar på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *