Styret informerer – Mai 2014

Styremøte avholdt 07.05.2014.

Generalforsamling

Styret minner om Generalforsamlinga neste veke.

Mobilmastsaka

Vår advokat i USBL har mottatt eit nytt tilbod frå Telenor, som mellom anna involverar garantiar om senka samla feltstyrke, flytting av antenner, reduksjon av samla antal antenner, samt skjerming. Advokaten vil sjå nærare på utforminga og ordlyden i avtalen før vi eventuelt tar stilling til den.

Garasjesaka

Utbyggar har sendt inn eit nytt planforslag for garasjeanlegget. Saksnummer hjå Plan og Bygg: 201405250.

Balkongsaka

Søknad til Plan og Bygg er sendt 30.04.2014, saksnummer 201405669. Status pr 09.05.2014:

Status: Tillatelse gitt

Hovseterhjemmet – riving og oppføring av nytt bygg

To saksnummer hjå Plan og Bygg:

Riving 201406012

Nybygg 201405959

Alle desse saksnummera kan søkes opp på

http://web102881.pbe.oslo.kommune.no/saksinnsyn/

Vasking på trimrommet

Vi ber om at alle som nyttar trimrommet respekterer vasketida mellom 0900 og 1100 på fredagane.Kort fortalt, dersom det er nokon i trimrommet når reinhaldarane kjem, så blir ikkje trimrommet vaska den veka.

Dugnad – takk for innsatsen!

Styret vil takke alle som bidrog under dugnaden.

Parkeringskort

Parkeringskort med utgått dato må ikkje brukast! Lever dei til vaktmester eller styret for makulering, eller bruk saks. Skulle det vere behov for nye kort kan de kontakte vaktmester eller styret.  Kvar bueining skal ha 2 stk, og det er fleire til utlån ved behov.

Websida vår

Vi vil igjen minne om den nye websida til Kollektivet. På http://www.brlkollektivet.no finn ein mellom anna vedtekter, skjemaer, og Styret Informerer.

Neste styremøte

Neste styremøte er første uka i juni. Ta gjerne kontakt med oss på e-post kollektivetbrl@gmail.com eller skriv eit brev til oss og legg i styret si postkasse i nummer 96, eller vaktmester si postkasse (utanfor kontoret i 96). Dette gjeld anten du har ei sak du ynskjer vi skal ta opp, vil informere oss, eller har eit spørsmål du treng svar på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *