Stikkordarkiv: nøkler

Oppdatering av nøklar

Dersom det er fleire som får problemer med å opne garasjeporten (eller andre dører) så må de først gå til oppdateringsboksen utanfor styrerommet og oppdatere nøklane.

Det gjer de ved å sette nøkkelen i holet, vente til det orange lyset blir grønt, og ta nøkkelen ut igjen.

Mvh

Styret

 

Skifte av lås på Garasjeporten

Som de sikkert har oppdaga blei det rett før helga skifta sylinder på utsida av garasjeporten på øverste plan i garasjeanlegget.

Eg beklagar at dette blei gjort utan forutgåande varsling, og at det skjedde rett før helg.

Alle nøklar som går til hovedinngangane skal også gå til garasjeanlegget. Låssylinderen er også litt spesiell, sidan det er ein mikrobrytar. Den skal vris ca 1 millimeter til høgre, og så er det eit lite knepp, og porten går opp. Den skal altså ikkje heilt rundt slik som dørlåsane.

Dersom det er nokon som leiger ut plass til eksterne så må de kontakte meg eller vaktmester, slik at vi kan lage nøkkel til dei. Vaktmester har alt nokre.

Skulle det vere nokon som har problemer med å bruke porten, så kan de framleis bruke den gamle nøkkelen på døra i trappegangen (mellom 96 og 98) og på innsida av porten.

Kontakt meg etter arbeidstid dersom de ikkje får nøkkelen til å fungere i låsen. Eg kan nås på 47649659, eller på styret@brlkollektivet.no

Mvh

Cato Myrkaskog

For Styret.

Avtale om utskifting av låsar

Då våre gamle låskassar og sylinderar er utslitt og det ikkje lenger er praktisk gjennomførbart å vedlikehalde dei har styret inngått avtale med Dasic om installasjon av nytt låssystem i burettslaget. Vi har valgt å gå for eit system som heiter iLOQ, Dette er eit digitalt system, der tilgangsrettane ligg lagra kryptert i nøkkelen. Dette gjer  at vi slepp med berre ein nøkkel til alle ytterdører og fellesareal som man skal ha tilgang til. Det vil og vere med på å auke tryggleiken i burettslaget, då vi vil mykje enklare kunne eliminere nøklar som går tapt. Vi vil forsøke å få låne ein demonstrasjonslås som vi vil vise fram på den ekstraordinære generalforsamlinga som vi skal ha 18. juni. Det vil også bli lagt fram meir informasjonsmateriell om systemet, og om korleis framdriftsplanen vil bli.

Arbeidet er planlagt til august/september.

iLOQ nøkkel og sylinder

Informasjonsfolder iLoq Lenke til produsenten av systemet